Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3350 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass fra Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunktfor eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har 310 årsverk fordelt på omlag 400 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar. samt 12 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.
Om eininga/avdelinga
Eining institusjonstenester omfattar Aukraheimen, Bergtun bufellesskap og Avlastingsbustad for funksjonshemma barn og unge under 18 år.
Om stillinga
Den ledige stillinga er ved Aukraheimen som har to somatiske avdelingar med 16 plassar og skjerma eining for personar med demens med 6 plassar. Aukraheimen har både langtidsopphald, korttidsopphald, avlastingsopphald, rehabilitering og lindrande eining.
Arbeidsoppgåver
Utføre sjukepleie til våre bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet
Primærkontaktansvar
Veilede kollegaer og studentar
Krav til søkar
Vi søkjer ein person som:
– har interesse for fagutvikling
– likar å arbeide turnus og kan bidra positivt i arbeidsmiljøet
– har lyst og evne til å arbeide i institusjon
Offentleg godkjent sjukepleiar
Etter- og vidareutdanning i Eldre og aldring, alvorleg sjuke og døyande eller rehabilitering er ønskjeleg
Personleg eignaheit vert vektlagt
God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
Gode skriftlege og muntlege norskkunnskapar
Bruke nynorsk som målform
Vi tilbyr
50 % stilling, men kan tilpassast dersom ønskjeleg
Godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter avtale
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Aukra kommune er IA-verksemd, og vil legge til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.
Søkarliste
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling»
Søknadsfrist 24.01.2016 Utlyst dato 17.12.2015 Vårref 319
Kontaktperson
Svein Hartvig Pettersson, Konst. einingsleiar, tlf: 40496017, mobil: 40496017, svpe@aukra.kommune.no
Åshild Tangen, Avdelingssjukepleiar, asta@aukra.kommune.no